Rom og leilegheiter
Bu midt i Stryn, med fjell og fjord innan rekkevidde. Vel mellom rom i Låven, særprega rom i Villaen eller ei leilegheit med eige bad og kjøkken.
Alle alternativa ligg samla på Lodgen, med tilgang til den felles bakgarden, badstova og badestampen.
Låven
I Låven finn du to trippelrom, fire dobbeltrom og eitt budsjettrom. Romma er små, med gode senger og det du treng for ei god natts søvn. Til gjengjeld har vi store fellesareal med god plass til å lage mat, slappe av og vere saman etter ein dag på tur.
Alle romma ligg i tredje etasje. Det er to felles toalett i gangen utanfor romma, og fire toalett og felles dusjar i første etasje, ved badstova og badestampen.
Villaen
Bu i Lodgen sin historiske villa frå 1903, som ein gong var Stryn sin første landhandel. Her finn du rom med særpreg og god plass, med to dobbeltrom i andre etasje og fire dobbeltrom og eitt trippelrom i tredje etasje.
Bad og toalett er felles. Det er to toalett i tredje etasje, og eitt toalett og tre dusjar i første etasje.
Leilegheiter
Ønskjer du meir plass og ditt eige bad og kjøkken? Bali og Stadt ligg på bakkeplan og passar godt for par, familiar og vener som vil ha ein eigen base i Stryn.
Bali har eitt soverom og sovesofa. Stadt har to soverom og sovesofa. Begge har fullt utstyrt kjøkken og eige bad.