Oasen midt i Stryn

Etter ein dag med aktivitet og storslått natur er det tid for å nyte, og det gjer du best i den spanande og innbydande bakgarden vår, lokalisert midt i Stryn sentrum. Her finn du både innerom og uterom tilrettelagt for aktivitet, nydeleg mat, avslapping, god musikk og sosialt samvære.

Her finn du mellom anna:

✔ Badestamp

✔ Utedusj

✔ Stor badstu

✔ Pizzaovn

✔ Grill og utelounge

✔ Bålplass

✔ Trehytte med skybar

✔ Klinebu

✔ Festlokale

✔ Storskjerm

✔ Møterom og konferanse

✔ Bar

✔ Opplegg for trubadurar og musikalske gjestar

✔ Mykje, mykje anna

Folka

Velkomen til Lodgen – ein base for aktivitetsbaserte opplevingar i Stryn, året rundt.

Vi er Svein og Heidi, folka bak Lodgen Stryn. I 2019 kom vi flyttande frå Oslo med familien vår, etter at Svein (som opphavleg er frå Stryn) kjøpte villaen som no går under namnet Lodgen. I Oslo jobba Heidi som ernæringsfysiolog for Olympiatoppen, og Svein var leiar på sin eigen friluftsbaserte skulefritidsordning for born. Vi har med andre ord alltid vore engasjerte i å gje andre ein auka livskvalitet gjennom sunne og gode aktivitetar.

Vi har stor lyst til å ta deg med ut på tur, uansett kva form du er i! Det viktigaste er at du er motivert til å gi naturen ein sjanse, og at du testar ut eventyra som Stryn og Nordfjord har å by på.

Vårt største ønskje er å vise fram den storslåtte naturen i Stryn og Nordfjord til både deg som bur her og deg som kjem på besøk.

  • Villaen og leilegheitene

    Stryn sin einaste aktivitetsvilla, med 6 dobbeltrom og eit 3-personsrom. Her er det sjarm og ei kjensle av ærverdig nostalgi i veggane. Villaen er frå 1903 og var då Stryn sin første landhandel.

  • Låven

    Tilbring natta i den største låven i Stryn sentrum. Her har vi 5 dobbeltrom og 2 familierom for inntil 3 personar. I låven finn du også festlokale, konferanserom, storskjerm, lounger og mykje anna moro.

  • Uteområdet

    Bakgården vår har vi brukt mykje tid på å gjere akkurat slik vi vil ha han sjølv. Her finn du badestamp, badstu og dusjar, trehytte høgt oppe i lufta, grill og loungeområde, bålplass og mykje meir.