Samlingar, møter og konferansar i Stryn

Ta sats og køyr di neste bedriftssamling i Stryn!

Bryt rutinane og gje teamet ditt ei oppleving utanom det vanlege!

Hos Lodgen Stryn ligg nemleg fokuset på teambuilding i alt vi gjer.

Gjennom smaksrik og lokal mat, den flotte naturen, gode samtalar rundt bålet og omgjevnader som gjev energi, er dette ein plass som ikkje berre bygger karakter hos den enkelte – men også bygger sterke team for framtida.

Bedrift og Konferansepakker

Pakkane under er gode utgangspunkt for eit variert opphold med god flyt. Vi har sett saman ei god blanding av naturopplevingar, lagbyggande aktivitetar og godt med tid til å berre henge saman.

Pakkane kan sjølvsagt tilpassast etter ønske, og vi er glade for å bli utfordra på nye kombinasjonar og opplegg for bedrifta di.

Våre møterom

Låven

Unikt møterom med moderne utstyr.

Få dine mest inspirerande møter i vår nyoppussa låve, med eit stort, rustikt og luftig møterom med plass til alt frå 10 til 60 personar. Her finn du moderne teknisk utstyr med prosjektor, ein stor skjerm, gode høgtalarar og mikrofon. Perfekt for konferansar, møter og samlingar der ein ønsker ei lunare og meir avslappa atmosfære.

Villaen

Møterom med moderne fasilitetar i villaens første etasje.

Køyr gode og inspirerande møter i vårt lyse og romslege lokale i villaen. Med store vindauge og tilgang til stor TV for oppkopling av datamaskin, er dette rommet ideelt for møter og samlingar med opptil 12 deltakarar.

Mat & Drikke

Lodgen Stryn set pris på kortreist mat

Maten vi serverer kjem difor frå ulike lokale bedrifter og er laga av førsteklasses råvarer. Nyt Hildes økologiske surdeigsbrød til frukost, den lokale fiskesuppa frå legendariske O.L. Brekke, eller den smakfulle viltgryta med hjort frå Oppstryn.

Vi tilbyr kaffe, te, frukt og nøtter heile dagen.

Tilvalg

Kan kombinerast med alle bedriftspakkane. Ta kontakt med oss – så fikser vi det.

Tilvalg: Teambuilding

Gå ikkje glipp av teambuilding om du besøker oss

Lodgens teambuilding er noko utanom det vanlege, og våre fasilitetar har vorte nytta av alt frå folka i Norrøna til innspelinga av 16 ukers helvete. Vår aktivitetsleiar Svein er kjent for sine kreative og uforgløymelege konkurransar der deltakarane blir utfordra og må samarbeide. Vi garanterer god stemning og ei flott oppleving.

Book denne pakken

Tilvalg: Aktivitet i naturen rundt Stryn

Bli med ut i naturen!

Aktivitet skapar energi og kreativitet. Kombiner konferansen eller møtet ditt med ein aktivitet i den fantastiske naturen rundt Stryn. Aktivitetsleiar Svein legg til rette for ei oppleving basert på gruppa sine ønsjer og føresetnader. Dette kan vere alt frå god stemning rundt eit bål til ein fantastisk topptur.

Book denne pakken

Tilvalg: 3 til 5 retters middag med eigen kokk

Legg ei gastronomisk oppleving til ditt opphold

For deg som ønskjer ei ekstra matoppleving i Stryn, tilbyr vi ein eksklusiv gourmetmeny gjennom eit samarbeid med nokre dyktige lokale kokkar. Dette er eit populært tilvalg og vi anbefalar å vere ute i god tid.

Book denne pakken.

Tilvalg: Foredrag

«Prester betre i jobbkvardagen med riktig trening og kosthold»

Eit foredrag om korleis fysisk aktivitet og kosthold bidreg inn mot konsentrasjon, kreativitet og balanse i kvardagen. Foredraget blir holdt av Heidi og Svein, begge med lang erfaring innan sine fagfelt frå ernæring i Olympiatoppen, trening og toppfotball.

Book denne pakken.

Inkludert i alle pakkane:

  • Gode møteplassar

    Velegna for workshop, foredrag og samarbeid. Her finn du storskjerm og inspirerande møterom.
  • Aktivitet og avslapping

    Vi legg opp til ein fin balanse mellom å yte og nyte i våre pakkar.
  • Eit skikkeleg gilde

    God mat set vi høgt! Hos oss får du lokale smakar som følgjer sesongane.

Spørsmål og svar

Kontaktperson

Svein Ørjasæter

T: +4790969681
E: post@lodgenstryn.no

Fine ord og bilder frå folk som har vært her:

“Sjarmerende sted, unik plass. Mange små steder å samles både i små og store grupper.”

Stina Johansson, Lærer friluftsliv, Møre Folkehøgskole