Eit litt annleis

Julebord

Gi dine kollegaer ei oppleving utanom det vanlege, og book årets julebord i vår sjarmerande låve. Hos oss får du god mat, overnatting og kjekke aktivitetar. Vi skreddersyr julebordet til deg, og gjer alt vi kan for å skape ei minneverdig oppleving.

Skikkeleg julestemning

Kom i julestemning på Lodgen! Låven sin rustikke sjarm, med julelys og varm innredning, skapar ei magisk atmosfære som set deg i riktig stemning. Våre julebord i låven gir deg den perfekte ramma for å skape ei minnerik feiring.

Aktivitetar som passar for alle

Vår julebordpakke er meir enn berre ein fest. For dei som ønskjer å styrke gruppa, tilbud vi spennande aktivitetar inspirert av Mesterens Mester. Desse oppgåvene vil gi deg og ditt team mulegheita til å konkurrere og samarbeide, for å utvikle ferdigheter og bygge sterke relasjonar.

Dersom du heller har lyst til å utforske naturen og nyte den friske vinterlufta, arrangerer vi også fjellturar i og rundt Stryn. Desse turane lar deg kome i kontakt med naturen, og lar deg koble av frå stress i kvardagen.

Dette får du

Lurar du på noko, eller vil du høyre om vi har noko som passar deg og dine kollegaer?

Ta kontakt, så hjelper vi deg.

Svein Ørjasæter

T: +4790969681
E: booking@lodgenstryn.no