Bestillingsvilkår for Lodgen Stryn
Privatbestilling av rom og leilegheiter
Når du bestiller på nettsida vår, kan du betale med kort via Klarna med ein gong. Bestiller du via Booking.com, betaler du ved framkomst. Fristen og framgangsmåten for avbestilling finn du i bestillingsstadfestinga frå Booking.com.
Ved direktebestilling gjeld desse avbestillingsvilkåra for både rom og leilegheiter.
Når vi får avbestillinga
Meir enn 30 dagar før innsjekk
14–30 dagar før innsjekk
Mindre enn 14 dagar før innsjekk
Dersom du ikkje møter opp
Når vi får avbestillinga
Meir enn 60 dagar før innsjekk
30–60 dagar før innsjekk
Mindre enn 30 dagar før innsjekk
Dersom du ikkje møter opp
Avbestillingsgebyr
Gratis
50 % av bestillingsbeløpet
100 % av bestillingsbeløpet
100 % av bestillingsbeløpet
Leige av heile Lodgen
Ved leige av heile Lodgen gjeld desse avbestillingsvilkåra.
Når vi får avbestillinga
Meir enn 90 dagar før innsjekk
90–60 dagar før innsjekk
Mindre enn 60 dagar før innsjekk
Dersom du ikkje møter opp
Avbestillingsgebyr
Gratis
50 % av bestillingsbeløpet
100 % av bestillingsbeløpet
100 % av bestillingsbeløpet
Gruppebestilling og leige av heile Lodgen
Gruppevilkåra gjeld for bestillingar frå 10 gjester og ved leige av heile Lodgen. Gruppebestillingar blir betalte med faktura. Betalingsfristen og eventuelle særvilkår står i tilbodet.
Avbestillingsgebyr
Gratis
50 % av bestillingsbeløpet
100 % av bestillingsbeløpet
100 % av bestillingsbeløpet
Dersom de avbestiller nokre av romma eller leilegheitene, reknar vi ut gebyret ut frå prisen på dei romma eller leilegheitene de avbestiller.
Har de bestilt måltid, kan de redusere talet på kuvertar utan kostnad til og med 14 dagar før framkomst. Etter fristen fakturerer vi for det siste talet de har stadfesta. Send oss gjerne informasjon om allergiar og andre kostomsyn saman med det endelege talet.
Endring og avbestilling
Har du bestilt direkte hos oss, sender du endringar og avbestillingar skriftleg til booking@lodgenstryn.no. Oppgje namnet bestillinga står på, datoane for opphaldet og eventuelt bestillingsnummeret. Vi reknar fristen ut frå den dagen vi får meldinga.
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk frå kl. 15.00
Utsjekk innan kl. 11.00
Kjem du seint, gje oss gjerne beskjed på førehand, så avtalar vi korleis du får nøkkelen.